Etablerte aktørar i Jarnes Næringspark
Fleire spanande aktørar har allereie valt å etablere seg her. Slik er vi godt på veg til å ta ein tydeleg posisjon for etablering av industri- og næringseigedom på Sunnmøre. Blir di bedrift den neste på lista?
-
Attvin
Attvin AS handterer avfallsinnsamling for over 100 000 innbyggarar i regionen, og har ansvar for behandlinga av avfallet etter at det er samla inn. Dei driv også ni miljøstasjonar – ein av dei finn du i Jarnes Næringspark.
-
Autodoktor'n
Autodoktor’n AS er godkjent bilverkstad og kontrollorgan for alle typar køyretøy. Dei tilbyr service, reparasjon, hydraulikkverkstad og dekkhotell – og er medlem av AutoMester, Riis Bilglass, Vianor og Liebherr.
-
Filterservice
Filterservice AS vart starta i 2018. Filterservice leverer filter og filterløysingar til det aller meste, både innan maritim sektor og industri. Firmaet sel også batteri, smøremiddel og tekniske vedlikehaldsprodukt.
-
Ekornes
Ekornes AS er Nordens største møbelprodusent. Ekornes utvikler og produserer møbler som markedsføres under varemerkene Stressless®, Svane® og IMG. Konsernet har hovedkontor og 3 fabrikker i Sykkylven kommune.
-
Møre Miljøsanering
Møre Miljøsanering AS kjøpte våren 2025 Miljøkvalitet AS og Jarnes Miljøpark AS, og blei med det ein del av Jarnes Næringspark. Her tek dei imot og handterer avfall frå både private og bedrifter i Sykkylven.
-
Sykkylven Energi
Sykkylven Energi AS er eit kommunalt eigd aksjeselskap som handterar vatn, avløp og infrastruktur for fiber i Sykkylven. Dei er ein av medeigarane i Jarnes Næringspark, og er kjent for si langvarige satsing på lokal infrastruktur.