Byggeklare industri- og næringstomter i hjartet av Sunnmørsalpane
Jarnes Næringspark skapar rom for nye moglegheiter og sikrar ein solid grunn å stå på, anten du vil etablere, investere eller berre treng meir plass.
Jarnes Næringspark skapar rom for nye moglegheiter og sikrar ein solid grunn å stå på, anten du vil etablere, investere eller berre treng meir plass.
Vi tilbyr byggeklare tomter med leveringstid på under eitt år. Med fleksible tomter, solid infrastruktur og korte beslutningsprosessar, ligg det meste til rette for rask etablering. Kva tomt passer deg og di bedrift?
Fleire spanande aktørar har allereie valt å etablere seg her. Slik er vi godt på veg til å ta ein tydeleg posisjon for etablering av industri- og næringseigedom på Sunnmøre. Blir di bedrift den neste på lista?
Møre Miljøsanering AS etablerer seg i Jarnes Næringspark etter oppkjøpet av Miljøkvalitet AS og Jarnes Miljøpark AS. Etableringa styrkjer satsinga på gjenvinning og markerer starten på ei ny utviklingsfase for næringsparken.
No er nettsida til Jarnes Næringspark live! I samarbeid med designbyrået Karo & Co har vi utvikla ein visuell profil og ei nettside som skal gjere det enkelt for investorar og etablerarar å finne fram.