Ny etablering: Møre Miljøsanering satsar i Jarnes Næringspark

Ei ny etablering er på trappene i Jarnes Næringspark. Møre Miljøsanering AS har kjøpt Miljøkvalitet AS og Jarnes Miljøpark AS, saman med lokale investorar. Miljøkvalitet og Jarnes Miljøpark har sidan 1996 teke imot og handtert avfall frå private og bedrifter.

Etableringa markerer eit viktig steg både for selskapet og for utviklinga av næringsparken.

Del av parkens langsiktige strategi

Jarnes Næringspark er glade for å få Møre Miljøsanering med på laget.

– Møre Miljøsanering passar godt inn i det totale biletet av berekraft og gjenbruk, og vi ser fram til å i fellesskap jobbe fram gode løysingar og utnytting av areala, seier styremedlem i Jarnes Næringspark Lars Petter Riksheim.

Han peikar på at etableringa støttar opp under parkens strategi, og at det styrkar tilbodet i eit veksande næringsområde.

Bilete av Møre Miljøsanering.

Møre Miljøsanering er i dag heileigd av Espen Skrede Høidal, som tok del i å etablere selskapet i 2013. Til no har riving av større og mindre bygg vore hovudverksemda. No tek dei eigarskap til ein større del av verdikjeda.

– Vi ser eit stort potensial innan avfall og gjenvinning, og ynskjer å utvikle dette saman med det lokale næringslivet, seier Espen Høidal, i ei pressemelding frå selskapet.

Starten på ei ny fase

Saman med investorane har Møre Miljøsanering ambisjonar om å utvikle den nye eininga til ein sterk aktør som kan tilby tenester innan eit breitt spekter – med riving, sanering og gjenvinning, heiter det i meldinga. Hovudmarknadsområdet blir Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal.

Etableringa markerer starten på ei ny utviklingsfase for Jarnes Næringspark, der fleire nye aktørar no er under vurdering.

– Det skjer mykje her no – og vi gler oss til å ønskje fleire leigetakarar og eigarar velkomen i tida som kjem, seier styreleiar i Jarnes Næringspark Per Jarle Tynes.

Neste
Neste

Ny visuell profil og nettside for Jarnes Næringspark