Ny visuell profil og nettside for Jarnes Næringspark
No er nettsida til Jarnes Næringspark live! I samarbeid med designbyrået Karo & Co har vi utvikla ein visuell profil og ei nettside som skal gjere det enkelt for investorar og etablerarar å finne fram.
– Vi er veldig glade for å ha fått på plass ei oversiktleg nettside for Jarnes Næringspark. Den nye sida speglar verdiane våre: effektiv, tilgjengeleg og framtidsretta – og rustar oss for vegen vidare. Eg vil også nytte anledninga til å takke Karo & Co for eit godt samarbeid så langt, seier styremedlem i Jarnes Næringspark, Lars Petter Riksheim.
Bilete av PC med skjermbilete av nettsida.
Ein god plass å vere – og å vekse
Karo & Co står og for logo og visuell profil. Profilen er utvikla for å styrkje Jarnes Næringspark som eit attraktivt val for industri- og næringsetablering i regionen – og gir fleksibilitet og rom for vekst.
Nettsida er laga for deg som vurderer å etablere deg i området – og gir ei rask oversikt over kva vi tilbyr, kven som allereie har valt oss, og korleis du kjem i kontakt.
– Vi vil at dei som besøker sida skal få ei kjensle av at dette er ein god plass å vere – og å vekse, seier Riksheim.
Følg med – her kjem det meir!